lørdag 28. mai 2011

Gitaristen og hans kone

I det siste har Gøran vore ganske oppteken med øving til konsertar, den siste var igår. Det er ikkje spesielt mange gitaristar her, og musikarar gjer uttrykk for behovet. Her er ein del kongolesiske gitaristar, som er svært gode til den kongolesiske stilen, men når det gjeld ein del andre sjangrar er det litt mangel på folk. Gøran får ganske mange tilbud og forespørslar, det har auka ein del i det siste.
      For ei veke sidan var det ein veldedigheitsarrangement i bakgården på The Craft Centre i Windhoek. Mange av studentane jobba frivillig for billettar, og det var ein veldig hyggeleg kveld. Litt om banda: Det første bandet heitte Organic groove. Med innleidde session musikarar leverte ein kvit gitarist/songar/låtskrivar noko som på det beste høyrdes ut som REM på helium og antidepressiva. Det andre bandet var Dennis sitt prosjekt, jazzkvartett med Gøran på gitar. Ingen øving, bortsett frå ein kort lydprøve. Det gjekk veldig bra, med veldig god respons. Eg storkosa meg. Glatt jazz, men storveis. Og arrangementet i seg sjølv var svært bra gjennomført.
Lize Ehlers var vel ein slags headliner, i det minste er ho ei som dukker opp på dei fleste arrangement. Kan kanskje kalle ho ein slags it artist her, men mest i den litt alternative kunstnarkretsen.


På onsdag var det eit anna arrangement, "The last band standing", ein konsert serie der to og to artistar konkurrerar om å gå vidare  og til slutt om å vinne ein førstepremie på 30 000. Det er arrangert av Nationalteateret, og tanken bak er å fremme namibiske artistar og live musikk i Namibia. Gøran spilte gitar med Sharon Van Roy, ei pop/rnb songarinne. Han har i dei siste vekene vore på øvingar i diverse luksusboligar, der eigarane er musikkentusiastar. Ein av dei var Portuguese Joe. Biker og riking av ukjend årsak.
Dei konkurrerte mot Patricia, som driv på med det meir tradisjonelle, nærare sagt damara-musikk i reggea/afropop drakt. Patricia var den som gjekk vidare. Ikkje overraskande, sidan ho er meir lokal i uttrykket, mens Sharon lignar meir på mange amerikanske songarar. Det mangla likevel ikkje på entusiasme blant publikum, det var fryktelig moro. Etter konserten møtte eg dei han har spelt ilag med og liknande, og det var mykje av "thanks for lending out your husband" og "so this is the woman behind the man" eller liknande. Det er eigentleg ganske moro, men og litt vanskeleg å svare naturleg på sidan eg ikkje tenker på det viset. Ein eldre kar, antagelig musikar hadde følgjande råd til Gøran: "Its either your wife or your guitar man, im telling you."
Men no er gitaristen på kjøkkenet, kokken, og hans kone slapper av. Tyver har vi forsatt ikkje sett noko av. Idag har vi vore turistar i eigen by, og besøkt det gigantisk heltemonumentet i byen. Der var det for øvrig ein bavianfamilie og. Ikveld blir det konsert med Erna og Stella på NTN (nasjonalteateret) i ein ny delkonkkurranse av The Last Band Standing.

søndag 15. mai 2011

Ingenting er som påsketur


Den 18 mai har vi vore her i fire månader. Den første termen er unnagjort og mid-terms nærmar seg. På African Performing Arts held vi for tida på med papirarbeid for å få diplomutdanninga akkreditert. Vi har jobba med module structures, course outlines, expected learning outcomes og så vidare. Det er eit par av dei ansatte som ikkje har levert inn noko papirar på faga sine. Eg og Gøran har hjulpe til saman med dei andre for å gjere arbeidet for dei. Nokre gonger kan det virke som om dei med ein slags posisjon kan gjere litt som dei vil. Rett før ferien hadde vi eit studentmøte der det heldigvis kom kritikk frå elevar på noko som hittil ikkje har vore tatt opp på formelt vis. Eg håpar dette fører til at vår head of department tek til sterkare metoder for å få bukt med dette. I eit av faga har elevane hittil kun fått to undervisningstimar viser det seg. I eit anna er metodikken/pedagogikken på total avveie. Colleget er virkeleg på rett vei i forhald til å få akkreditert diplomer og få papira i orden. Dei aller fleste gjer ein knalljobb. Men enkeltsakar øydelegger for kvaliteten på utdanninga.
          Vi har reist eindel i det siste. Kalahari, Sossousvlei, vore på besøk på familiefarmen til mor her i huset, Sylvia, og vi har og vore i Cape town, vi kom heim berre for nokre dagar sidan. Det har sjølvsagt vore fantastisk, med ørken, vin, safari, livet på landet her i Namibia i tillegg til storbyferie i Sør-Afrika. Det var likevel ein heilt spesiell årsak til at vi besøkte farmen. Eirik og Lars(fjorårets deltakarar) var her og vi skulle reise rundt samen med dei ei vekes tid. Søstera til Sylvia døde av kreft og det blei ytra eit ønskje om musikk i begravelsen. Slik blei det at vi drog alle fire, til det som må være den mest spesielle opplevelsen på den turen. En ordentlig storfamilie med alt som følgjer med av kontrastar. Urbane filosofar til problemar som følgjer med bygdas slit og strev. Vi bodde i eit syttitallsttelt i hagen. Begravinga på landet var ganske annaleis. Det var først ein seremoni på fredag kveld der tradisjonen til det man kallar dei lokale, eller, dei svarte, er å synge salmar heile natta fram til laurdag. Vi blei fortald at tradisjonen stammar fra behovet for å vake over kroppen. Å halde dyr unna til begravinga, denne gong laurdag morgon, skal skje. Vi sat ved teltet vårt å drakk raudvin og hørde på salmar. Laurdag morgon var seremonien og vi spelte. Laurdag kveld var det man kan kalle eit gravøl. Iallefall for nokon. Svulstige ord må til, men den helga kjem eg ikkje til å gløyme. Så tett innpå ein storfamilie, med alt som følgjer med, i ein slik anledning.
          Som dei fleste veit, er det ikkje den einaste begravelsen som har vore her i det siste. Abisai, ein av sør-deltakarane som jobba som musikklærar i harstad blei funne død for ei stund sidan. Vi har berre møtt han i ei kort periode i Harstad før vi drog hit, men har høyrt masse om han frå musikarar her nede. Han var ein av dei største musikkressursane dei hadde her, og spesielt på saxofon. Det har vore noko som har påvirka heile colleget, og prosjektet, og alle som kjente han. Likevel har dei to andre sør-deltakarane valgt å fullføre opphaldet i Noreg, noko alle er veldig glade for. Det var minnestund for han her på colleget der lærarar og elevar bidrog.
      
Det er rett og slett av og til veldig rart å bo her nede. Klasseskilla er utrulig sterke. Uansett korleis vi føler oss eller ser oss sjølve er vi kvite namibiarar, som av og til merkast ganske godt. Og det er ikkje berre gamle fordommar eller bitterhet mot kvite som sit. Det er reell forskjellsbehandling overalt. Spesielt kan man sjå det i servicebransjen. Det har skjedd kun eit par gongar at vi har hatt ein kvit servitør. Og det er i tillfelle på urtyske pubar i Swakopmund. Men generellt sett er manageren kvit. På apoteket nede i gata jobbar det i hovedsak svarte damer. Men når ei vare for eksempel har registrert feil pris ropar dei "Price change!" så kjem dei ei kvit dame som heiter Ingrid, tastar inn ein kode, slik dei kan endre prisen. På restaurantar har eg fleire gonger vore ordentleg provosert. Det er mistillit til dei ansatta, som igjen er dei svarte. Nokre stader må servitørane alltid gå til den kvite manageren for å få regning til borda, andre gonger heng han berre over skuldrane på dei, eller kjeftesmella går på grunn av ein fillefeil. På eit pensjonat i swakop kan ikkje dei svarte på kjøkkenet ta imot bestillingar, berre den eldre kvite dama kan få vite om vi vil ha egga over easy eller sunny side up. Og dette er berre innanfor sevice. For mange vi møter er det ein del skepsis i starten trur eg. Slik føles det i allefall. Men det gjeng over når vi blir betre kjent. At vi er nordmenn hjelper som regel på. At vi ikkje snakkar tysk eller afrikaans. At vi ikkje er kvite namibiarar, men nordmenn i Namibia. Det er i allefall inntrykket. Dette er ei generalisering, men ikkje så sterk ei trur eg. Vi har ofte snakka om vi kunne ha bodd her nede. Lengre, enn berre i år sjølvsagt. Alltid kjem klasseskillet opp. Og sikkerhetsbarrieren imellom. I tillegg er det eit utrulig kompleks land kulturmessig. Størsteparten av befolkninga er Oshiwambo som regjeringa og er, men man har himba, nama, damara, san, herero, tyske, det man kallar coloureds og basters, og mange fleir, i tillegg til variantar innanfor desse. Og når det gjelder desse kulturforskjellane er det ikkje alt som er like lett å svelgje. Kvinnediskriminering er eit av dei. Hierarkiske verdiar både i familiar og på arbeidsplassar er heller ikkje alltid like lett og berre akseptere.Folk er generelt sett mykje meir konservative enn oss, og det gjelder alle, både kvite og svarte. Det er ei endring i den yngre generasjonen, men mykje er styrt av religion, overtru og gamle tradisjonar. Og diskriminering i navn av det.
           Imorgon er det tilbake på jobb. Vi har mykje arbeid foran oss, og antagelig vil det bli enda meir, da vi har ein følelse av at det er eit fag til på trappene for oss. Som tideligere nevnt hadde det berre vore to timar hittil i det faget. Men vi må finne ei anna løysning. Om vi tek over det faget har vi i alle fall over 70% av musikkfaga og det er fire lærarar her utanom oss. Og om vi tek over det faget vil ein av dei andre lærarane være uten klasseromsfag. Når prosjektet er over vil det berre falle tilbake til slik det har vore. Vi kjem til å foreslå andre ting enn at vi berre tek over faga. Vi hjelper sjølvsagt til der det trengs, men til sjuande og sist må det enten byttast ut lærarar, eller så må dei gjere jobben.
           Til slutt må eg lappe litt på innlegget. Vi har nokre utfordringar her, men alt i alt er det berre små ting i forhold til alt det positive og alt vi lærer. Vi har det som plommen i egget og saknar Noreg berre i ny og ne, kanskje litt no når det somrast.


 Middag på Farmen
 Sosoousvlei

 Sossousvlei
 Sossousvlei
 Table Mountain
 Cape Peninsula
 Kapp det gode håp
 Cape Peninsula
 Vinsmaking
Cape Town

tirsdag 22. mars 2011

Brisen på Safari og Boys to men.

Eg byrjar med jobb. Det merkast at vi har kome godt ut i fyrste semester her. Nokre av dei ansatte har kome litt sjeldnare til colleget i det siste, og vi veit ikkje heilt kvifor. I eit par veker var det ein som var bortimot totalt fraværande. Elevane visste ingenting. I starten av året, då vi hadde opptaksprøver, var det noko som ville ta inn alle søkerane (noko som før øvrig også blei gjort tross lange prossesar med shortlisting). Lovnader og ansvar blei tatt om å hjelpe dei til å bli bedre musikarar, men det ansvaret har vel heller uteblitt. Ikkje misforstå, det er eit fantastisk kollegie ved college of the arts, og vi trives veldig godt. Men dette er eit problem hos enkelte. Noko som både kan være frustrerande og vanskelig å forstå at det blir tolerert. Det er også mange forskjellige tilnærmingar til undervisning her. Nokre snakkar rett fra levra, gjerne med subjektiv meining, for eksempel om sangstemmen til elevar, eller annan musikalsk evne. Er det ikkje bra nok, får man høyre det. Elevane lar seg ikkje påvirke frå hjartelege utsagn om evnene deira, men eg er nok meir på "positiv forsterkningssida". Man er nok vant med ei rimelig direkte tilnærming her, og det er ikkje nødvendigvis negativt. Dei får beskjed om at dette er ikkje bra nok, og at dei må jobbe hardare. Eg føler at eg har kjent elevar og lærarar for kort tid enda til å være meir direkte, men syns kanskje at slike utsagn kan etterfølgjast av noko opplyftande og. 
          Vi øver for tida med Heritage band for konsert på NICE (Namibian Institute of Culinary Arts), the place to go her i Windhoek. Vi har vore der ein gong før, på ein produksjon av dramalæraren på APA, og det er ikkje akkurat ein brun pub. Rimelig posh, dei har faktisk ein mimiker/robotfyr som går rundt heile kvelden med sølvmala hud og står lenge i frysposisjonar rundt omkring i lokala. Oppmøte på øvingane er så som så, men det må man bli vant med her nede. Vi har vel enda ikkje hatt ei øving med fullt band, og konserten er niande april. To sett. Ikkje nok med det, men eg, Gøran og Amakhoe, basslæraren på colleget, skal spille to sett med standardlåtar på ein restaurat på laurdag. Det blir faktisk fyrste gong eg gjer ein rein standard konsert, og nervane står vel i stilling til det.  Vi har enno ikkje øvd.
          Dei siste vekene har vi hatt besøk av fjorårets deltakar Lars Espen. Det har vore veldig hyggelig å diskutere det vi har opplevd her nede med ein som har felles erfaringar. Vi har drukke ein del akevitt, rødvin, øl og klipdrift. Akevitt får man faktisk kjøpt svært billig her nede. Norsk linieakevitt! Og vi har bada i hagen, både morgon og kveld.
          Eg må nevne veret. Det lynar fortsatt heilt fantastisk. Det høyres ut som om veggar og tak sprekk og revnar. Vi har også hatt den verste oversvømmelsen på veiane i nabolaget sidan vi kom. For dei som ikkje veit det, så er dette faktisk ganske eksepsjonelt for namibia, som eigentleg er eit ørkenland. I år har det regna meir ein kva man veit om på svært, svært lenge. I Soussousvlei,der dei høgaste sandynene i ørkenen er, er det vatn der man ikkje kan hugse at det har vore vatn før. Veiane her blir heilt øydelagde av alt regnet. Noko som kan være litt problematisk i forhold til bilen vi har. Den må ta seg ein tur på verksted så snart papira kjem i orden, for eksosanlegget heng ikkje heilt på greip. Ikkje airconditionanlegget heller for den saks skyld. Og tideligare i dag begynte motoren på det elektriske speilet å gå, og den vil ikkje slutte.
          Det var ein konsert med ei vokalgruppe kalt VM6 på Backstage på fredag, og sidan det ikkje er så altfor mange konsertar i byen drog vi for å sjekke ut. Det byrja bra. A cappella, knallreint, om enn litt cheesy. Men etter eit par låtar kjem kompet inn. Eg satt vel eigentlig å venta restena av konsert på at dei skulle slutte med singalongtracket, men eg har forstått at nokon vokalgrupper rett og slett føler at det hever gruppa. Det gjer det ikkje. Likevel, det var moro, og dei var veldig flinke.. 5 voksne afrikanske menn som sang hyllest til mor, il divo, queen og ikkje minst, Boys to men. And so we´ve come, to the end of the road. Barytonen trappa ned frå scena, tok handa mi, stirra meg inni augene, "and I know that its right..."
         
Som nevnt har det regna mykje, og turen vi skulle ta til ein farm i helga blei avlyst på grunn av oversvømmelse. Vi tok ein spontan tur til Erindi private viltreservat istaden. Det var heilt fantastisk. Vi betalte ganske godt for ei natts opphold fra søndag til mandag(independence day), all inclusive. Kjørte eit stykke forbi Okahandja, og ca 6,5 mil med gravel road(grus/leire/gjørme vei). Ein av tinga som møter oss først etter gaten inn til parken er eit elefantfareskilt. Litt etter det spring to vortesvin over veien, så ein meercat, så ein flokk bavianar. Så er vi framme ved Old travers lodge. Etter innsjekk blir vi vist til lunsjen, og det som møter oss der er ein retaurant med stor open utsikt og terrasse ned til eit vannhull der det står giraffar å drikker og flodhestar å badar. Krokodiller, gnuer, impala o.s.v. Heilt utrulig, og rimelig luksuriøst. Vi håper på det beste når vi går til rommet etter lunsjen, og det viser seg at rommet vårt ligger foran det samme vannhullet berre på ein litt meir privat stad, og er generelt sett utrulig bra. Og, som sagt, all inclusive. Portvin ved vannhullet før vi kjører ut i bushen klokka halv sju. Tre timer er vi ute og leiter etter dyr. Vi ser ikkje så mange, men det var flott alikavel. Skilpaddar, svære giftige edderkoppar, red wildebeest, blue wildebeest, kudu, strutsar, og mange andre vanlige viltdyr i Namibia. Etter ei stund får vi refreshments i bilen. Windhoek draught på safari. Vi har ikkje kjørt lenge før nokon i bilen ser eit dyr og ber guiden rygge. Plutselig hører vi eit vanvittig smell og dei fleste i bilen gir ifrå seg eit lite hyl. Det går eit par sekund der eg er rimelig redd for at der plutselig hoppar ei løve eller liknande inn i den open range roveren, men så pilar eit vettskremt og antagelig illsint vortesvin avgårde. Det tok altså på seg utfordringa å slåss med den svære bilen. Og om det hadde vore eit menneske som fikk seg det støtet hadde det nok hatt alvorlige konsekvensar. Det smalt! Seinare stoppar vi for ei lengre pause. Rødvin og brandy på safari. Så den siste jakta på løva som var i nærleiken, men det blei for mørkt. Heim til middag ved vannhullet, sjampanje på hotellrommet og ein rolig og fin kveld aleine. Så opp klokka halv seks, ut i bushen. Denne gangen såg vi mange giraffar, i sovende stilling, noko som er ganske sjeldan, sjakalar, kudu, wildebeest, ein del eg ikkje hugsar navnet på, ferske leopardspor, men ingen leopard. Det er faktisk slik at no når det har regna så mykje er graset veldig høgt, og sjansen for å sjå enkelte av dyra er veldig lav. Men soloppgangen ute på savannen, og dyra når dei vakna var absolutt verd nattesøvnen vi gjekk glipp av. Vi pausa oppe på ein topp med kaffe og amarula(namibisk frukt"baileys"). Det blir nok ikkje så mange turar til Erindi, det kosta, men det blir ikkje den siste. Eg har aldri vore på noko så lukseriøst før, og sjølv om det kanskje er litt overdådig, må eg innrømme at eg likte det særs godt.
          Sist, vi føler oss ganske til rette på colleget no. Har blitt bedre kjent med elevar, og det er ein utrulig artig gjeng. Akkurat denne veka jobbar vi med ein produksjon som eigentlig skulle vore fjorårets avslutning, så det er ikkje vanleg undervisning. Ganske lange dagar, og litt utfordrende, men det ender opp i to fine forestillinger i enden av veka. Eg har ansvar for koret, vi har øvd inn nasjonalsangen sidan det var independence denne veka, i tillegg har Gøran og eg jobba med ein av andreårselevane sin song. Det har blitt eit arrangement for heile andretrinnet som faktisk utgjer band med blåserekke. Og Gøran på bass. Stas.

lørdag 5. mars 2011

Swakop! Windhoek! Firfisleri!

Med papira til bilen i orden,tok vi vår første helgetur ut av Windhoek og til kysten. Intermezzo guest house i den mest populære turistbyen i Namibia, Swakopmund. Eit stykke på vei  fra Windhoek blir det ørken som varar heilt til havet der det plutselig dukker opp ein tysk jugendby. Rett ved store sanddyner og havet. Lille tyskland midt i ørkenen. Turistby og heimstad for pensjonerte, i hovedsak, tysk-namibiarar. Her tilbyr dei diverse turistaktivitar og vi benytta oss, etter tips fra Eirik, av ein tur i sandynene på firhjuling. "Rollercoasting" i bratte sanddyner, og ein under bordet sandboarding test i ei av dei bratteste. Traff på slange og firfisle, sistnevnte blei fanga av guiden vår og beit både meg og Gøran i fingeren. Det var som det høres ut, kjempeartig i heilt utrulege omgivelsar. strendene var fantasiske med store bølger, og restauranter både på strand og pir. Vi prøvde østers for første gong, rå, og med aquevitt så gjekk det greit. Gøran er rimelig sikker på at med tid, blir det godt. Eg bestiller kokte neste gong. Vi kjørte oss ein tur gjennom dei ulike bydelane, og her er klasseskilla svært tydelege. Det er dei i Windhoek og, men kontrasten mellom dei splitter nye hyperluksuriøse bydelane med restaurant ved havet, og townships ikkje så langt unna med shebeens og gateliv er svært stor. I desse bydelane såg vi berre ein eller to kvite, og dei var i passerende bilar. Kulturforskjellane mellom bydelane er på same måte. Masse folk i gatene i townshipsa og bortimot folketomt i dei rike bydelane. Ein påfallende forskjell mellom Swakop og Windhoek derimot er at det ikke er så vanleg med elektriske gjerder rundt eigedomane. Det føltes veldig lettende å komme dit på grunn av det. Sikkerheita her er fortsatt uvant og noko vi faktisk er ukomfortable med. Uansett, Swakopmund kjem vi til å reise ein del til. Det var ein veldi artig og avslappende tur, og vi fann ut at vi savna havet. Havlukta der er heilt utruleg sterk.
          Vi har også hatt eit par spelejobbar i det siste. I går hadde vi vår andre på Backstage Dinner Theatre, ei intim konsertscene i byen. Begge gongane vi har spela der har vi møtt andre musikarar som er interessert i å spele saman. Eigentleg er det veldig spesielt å drive med musikk her, og veldig lett å komme inn det lille miljøet, i hvert fall har vi det inntrykket no. Vi veit jo ikkje kor mykje av det som blir noko av, men vi har hittil hatt to spelejobbar, skal ha ein til i mars og ein i april med eit band som vi nyst har begynt å spele med. Vi har og ein forespørsel om å spele nytt sett på Backstage.  I går fekk vi tilbud om eventjobbing for Castle Breweries, og spørsmål om radiointervju på NBC. Så, vi får sjå om det blir noko av, men veldig moro å få gode tilbakemedlingar. Rett før vi dro heim fra Backstage igår kom det ei dame bort til oss og Frank(Backstage) og inviterte oss til ein privat sammenkomst til farmen hennar ein og ein halv time utanfor Windhoek. Pen dame rundt 40, antagelig litt peng på bok. Bondfire og sove under åpen himmel. Ta med gitaren. Kryssar fingrane og håper at det blir. Faktisk, tideligere samme dag spiste vi lunsj på Gourmet i byen, og på bordet bak oss snakka nokon om ein konsert. Det var visst ikkje FU-jazz som skulle spele på Backstage idag, men nokon nordmenn, "vikings". Det var eigentlig ein rimelig begivenhetsrik dag igår, vi blei stoppa i promillekontroll på vei heim og. Slapp unna i god behold.
          Tidelegere denne månaden tok vi oss ein tur på kalahari wellness senter. Når vi kom dit hadde dei tilbud på valentinespakke, og ok, jaja, vi slo til på den. Massasje, skrubb, og sist men ikkje minst, boblebad i topp etasjen i et av windhoeks høgeste bygg med utsikt over byen. Ikkje nok med det. Vi fekk sjampanje, sjokolade, nøtter og biltong. Biltong er tørka kjøtt, dei er veldig glad i kjøtt her nede. I løpet av badet og skåling av sjampanje, ikkje tull, så letta det faktisk tre duer fra eit enna hus tak i byen. Det skjedde faktisk. 
          Det var så mange ting eg skulle hugse på å skrive, eg har visst blitt ein av dei som tenkjer på bloggen når noko rart skjer. Uansett, dagliglivet her er noko annaleis enn i Noreg. vi er enno ikkje van med vakthundane som bjeffer og knurrer når vi gjeng forbi husportar. Man har andre daglege syslar å hugse på, som for eksempel å lukke porten, pakke sammen alt som mauren kanskje kan like, handle insektsspray, låse bildører når du kjører, skru av/på alarmen til huset,  i tillegg til at vi faktisk har ansvar for ein katt. Man har også andre potensielle huslege oppgavar. Som tideligere i dag, der vi plukka ut ein grilla firfisle fra det elektriske gjerde vårt.
         Vi har det kjempebra. Deilig varmt, fin heim og bra folk. Jobbing byrjar å få ein god flyt, og det er moro å undervise. Vi hadde ensembletimar med første og andre året i går som gjekk veldig bra, med ordentleg godstemning. Gøran gjorde ein kjempejobb. No er det laurdag heime og filmkveld. Supert.
         

onsdag 16. februar 2011

Goooood morning Namibiaaaaa!!

Akkurat no sit eg, Anne-Grethe, på ein benk på colleget etter fullført dag med keyboard timer, musikkhistorie og kor. På kontoret vårt sit Gøran  med ein gitarelev. Timeplanen byrjar å fylles opp. I tillegg til forelesning og timer i hørelære, musikkteori, musikkhistorie, keyboard og kor, har vi ein del privat elevar på "additional instruments". Neste veke byrjar eg med songelevar og enda fleire på keyboard. Det har gått ein del i Fader Jakob den siste veka, og vil nok gjere det i neste og.
          I forrige veke var det PR - jobbing for å finne nye namibiske deltakarar i prosjektet. I løpet av onsdagen var vi innom tre aviser; The namibian, The Daily sun og Republikein. Vi var også på eit lengre intervju med TV-kanalen One Africa, og innom NBC for å ende opp med ein avtale om å komme klokka 0700 fredag for å være med på Good Morning Namibia. På torsdag kom NBC til colleget for å dokumentere prosjektet. Dei filma fiktive undervisningssituasjonar, då vi har forberedelsesdag torsdagar, men endte opp med kun å sende klipp fra når elevane spilte Waka Waka på Marimba. Men, TV intervju blei det. Eg slapp unna denne gongen på grunn av plassmangel i studio, Banana og Gøran gjorde jobben. Live.
          Rett før oss intervjua NBC ein kar kalt Marvin, som kalla seg sjølv, eller blir av nokon kalla (det var litt uklart) Namibias svar på Michael Jackson. Ung, ultrakul med Ray Bans inne. Ikkje lenge før fekk Gøran tilbod om å spelle på ein RnB konsert på NTN, Namibian National Theatre. Første øving er samme kveld som tv intervjuet på NBC, og Gøran befinner seg i backingbandet til ingen ringere enn Namibias svar på Michael Jackson. Ein del logistikk og organiserings problem gjer at øvingane blir lange og mange, i det minste for ein gig på tre låtar. Lørdag, øving nummer to den dagen, og eg får forespørsel om å synge backingvokal. OK. Øving søndag. OK. Mandag kjem og det er lydprøve klokka tolv. Etter ein til to timar venting blir den avlyst, og satt til klokka halv fem istaden. Konserten er same kveld. Klokka fire får vi melding. "Show is cancelled. Sorry" fra bassisten. Marvin (jackson) tek kontakt om og når det blir ein ny konsert.
      Elles: På fredag har vi duokonsert på backstage, og vi har blitt spurt om å være med å spille inn ein demo for å få jobber hos the corporates. Så det ser ut for at det kan bli litt spilling og! Sjølv om det ikkje blir RnB med Marvin heilt enda.
                 

tirsdag 8. februar 2011

Anna and jorin?

Då er vi vel igang med første ordentlige undervisningsveke på colleget. Vi har hatt choral, aural and ear (hørelære), og keyboard/gitar. I morgon skulle vi eigentleg ha byrja med musikkteori (gøran) og musikkhistorie(Anne-Grethe), men, istaden skal vi i live intervju på One africa og NBC. Det vil seie den namibiske NBC, Namibian Broadcasting. Vi er allereie igang med rekrutteringen av nye namibiarar som skal til Kvæfjord kommune å undervise i afrikansk tromme (Ngoma/Djembe), marimba og dans, og skal på tv i forbindelse med annonsering av søknadsprosessen som tek til denne veka.
          For dei som ikkje allereie veit det er denne jobben ein del av eit utvekslingsprogram kalt NoNa (Norway Namibia), og er finansiert av Fredskorpset. Vår jobb er på College of the arts si linje APA, African Performing Arts, der vi skal undervise i hovedsaklig teoretiske fag. Namibiarane skal jobbe ved Borkenes skule i Kvæfjord kommune som musikklærarar med praktisk tilnærming til afrikanske instrumenter og dans. Ideen er at man skal lære av kvarandre, både når det gjeld metode og kunnskap. For dei som er interessert i å vite meir om dette kan man gå inn på kvafjord.kommune.no/nona.
          På fritida har vi fram til no blitt bedre kjend med byen, testa restaurantar, og blant anna vore på konsert på Nice Bar and Restaurant, ein release av ein sangar saman med spoken word performance, i regi av dramalæraren på colleget. Det er ein ganske rolig by, ok trafikk, men vel mange fotgjengarar der det eigentleg kun skal være bilar. Men vi byrjar venne oss til det også. Byen er og rolig i den forstand at det ikkje er så veldig mykje som hender her av konsertar og liknande, i hvert fall ikkje på denne tida av året. Vi fikk ein telefon tideligare i veka frå utestaden og konsertarenaen Backstage. Etnomusikologilæraren på colleget, Ishmael, hadde tatt seg ein tur dit og fortald om dei nye norske prosjektdeltagarane. Frank fra Backstage ringte oss opp, og spurte om vi var interessert i spillejobb neste helg, 18 og 19 februar. Han fortalde at dei alltid er på utkikk etter folk som vil spille, og at det kan være vanskelig å finne i Windhoek. Vi er invitert på drink imorgon for å planlegge nærmare. Det er ikkje akkurat vanlig kost heime å bli oppringt med tilbud om spillejobb, og det er veldig spanande. Vi har vore her i knapt tre veker,  og det blir bluegrass i Windhoek neste helg.
          Akkurat no pønskar vi ut kva for ein låt vi skal bruke i ensembleundervisninga på fredag. Etterpå blir det forbereding av intervjuet imorgon. Timeplanen fyller seg opp, og i tillegg skal vi ha enkelt elevar i henholdsvis gitar og song. Og antagelig litt fleire på keyboard. Det manglar ikkje på ting å gjere, utfordringar, og nye opplevingar. I slutten av måneden skal vi på ein liten helgetur til nord i forbindelse med rekruttering av namibiske prosjektdeltakarar, noko vi gleder oss spesielt til. Saman med Banana skal vi i løpet av denne veka og neste motta søknadar og gjennomføre ein shortlisting, altså bestemme kven av dei som skal komme på audition. Så er det ut på tur.