tirsdag 22. mars 2011

Brisen på Safari og Boys to men.

Eg byrjar med jobb. Det merkast at vi har kome godt ut i fyrste semester her. Nokre av dei ansatte har kome litt sjeldnare til colleget i det siste, og vi veit ikkje heilt kvifor. I eit par veker var det ein som var bortimot totalt fraværande. Elevane visste ingenting. I starten av året, då vi hadde opptaksprøver, var det noko som ville ta inn alle søkerane (noko som før øvrig også blei gjort tross lange prossesar med shortlisting). Lovnader og ansvar blei tatt om å hjelpe dei til å bli bedre musikarar, men det ansvaret har vel heller uteblitt. Ikkje misforstå, det er eit fantastisk kollegie ved college of the arts, og vi trives veldig godt. Men dette er eit problem hos enkelte. Noko som både kan være frustrerande og vanskelig å forstå at det blir tolerert. Det er også mange forskjellige tilnærmingar til undervisning her. Nokre snakkar rett fra levra, gjerne med subjektiv meining, for eksempel om sangstemmen til elevar, eller annan musikalsk evne. Er det ikkje bra nok, får man høyre det. Elevane lar seg ikkje påvirke frå hjartelege utsagn om evnene deira, men eg er nok meir på "positiv forsterkningssida". Man er nok vant med ei rimelig direkte tilnærming her, og det er ikkje nødvendigvis negativt. Dei får beskjed om at dette er ikkje bra nok, og at dei må jobbe hardare. Eg føler at eg har kjent elevar og lærarar for kort tid enda til å være meir direkte, men syns kanskje at slike utsagn kan etterfølgjast av noko opplyftande og. 
          Vi øver for tida med Heritage band for konsert på NICE (Namibian Institute of Culinary Arts), the place to go her i Windhoek. Vi har vore der ein gong før, på ein produksjon av dramalæraren på APA, og det er ikkje akkurat ein brun pub. Rimelig posh, dei har faktisk ein mimiker/robotfyr som går rundt heile kvelden med sølvmala hud og står lenge i frysposisjonar rundt omkring i lokala. Oppmøte på øvingane er så som så, men det må man bli vant med her nede. Vi har vel enda ikkje hatt ei øving med fullt band, og konserten er niande april. To sett. Ikkje nok med det, men eg, Gøran og Amakhoe, basslæraren på colleget, skal spille to sett med standardlåtar på ein restaurat på laurdag. Det blir faktisk fyrste gong eg gjer ein rein standard konsert, og nervane står vel i stilling til det.  Vi har enno ikkje øvd.
          Dei siste vekene har vi hatt besøk av fjorårets deltakar Lars Espen. Det har vore veldig hyggelig å diskutere det vi har opplevd her nede med ein som har felles erfaringar. Vi har drukke ein del akevitt, rødvin, øl og klipdrift. Akevitt får man faktisk kjøpt svært billig her nede. Norsk linieakevitt! Og vi har bada i hagen, både morgon og kveld.
          Eg må nevne veret. Det lynar fortsatt heilt fantastisk. Det høyres ut som om veggar og tak sprekk og revnar. Vi har også hatt den verste oversvømmelsen på veiane i nabolaget sidan vi kom. For dei som ikkje veit det, så er dette faktisk ganske eksepsjonelt for namibia, som eigentleg er eit ørkenland. I år har det regna meir ein kva man veit om på svært, svært lenge. I Soussousvlei,der dei høgaste sandynene i ørkenen er, er det vatn der man ikkje kan hugse at det har vore vatn før. Veiane her blir heilt øydelagde av alt regnet. Noko som kan være litt problematisk i forhold til bilen vi har. Den må ta seg ein tur på verksted så snart papira kjem i orden, for eksosanlegget heng ikkje heilt på greip. Ikkje airconditionanlegget heller for den saks skyld. Og tideligare i dag begynte motoren på det elektriske speilet å gå, og den vil ikkje slutte.
          Det var ein konsert med ei vokalgruppe kalt VM6 på Backstage på fredag, og sidan det ikkje er så altfor mange konsertar i byen drog vi for å sjekke ut. Det byrja bra. A cappella, knallreint, om enn litt cheesy. Men etter eit par låtar kjem kompet inn. Eg satt vel eigentlig å venta restena av konsert på at dei skulle slutte med singalongtracket, men eg har forstått at nokon vokalgrupper rett og slett føler at det hever gruppa. Det gjer det ikkje. Likevel, det var moro, og dei var veldig flinke.. 5 voksne afrikanske menn som sang hyllest til mor, il divo, queen og ikkje minst, Boys to men. And so we´ve come, to the end of the road. Barytonen trappa ned frå scena, tok handa mi, stirra meg inni augene, "and I know that its right..."
         
Som nevnt har det regna mykje, og turen vi skulle ta til ein farm i helga blei avlyst på grunn av oversvømmelse. Vi tok ein spontan tur til Erindi private viltreservat istaden. Det var heilt fantastisk. Vi betalte ganske godt for ei natts opphold fra søndag til mandag(independence day), all inclusive. Kjørte eit stykke forbi Okahandja, og ca 6,5 mil med gravel road(grus/leire/gjørme vei). Ein av tinga som møter oss først etter gaten inn til parken er eit elefantfareskilt. Litt etter det spring to vortesvin over veien, så ein meercat, så ein flokk bavianar. Så er vi framme ved Old travers lodge. Etter innsjekk blir vi vist til lunsjen, og det som møter oss der er ein retaurant med stor open utsikt og terrasse ned til eit vannhull der det står giraffar å drikker og flodhestar å badar. Krokodiller, gnuer, impala o.s.v. Heilt utrulig, og rimelig luksuriøst. Vi håper på det beste når vi går til rommet etter lunsjen, og det viser seg at rommet vårt ligger foran det samme vannhullet berre på ein litt meir privat stad, og er generelt sett utrulig bra. Og, som sagt, all inclusive. Portvin ved vannhullet før vi kjører ut i bushen klokka halv sju. Tre timer er vi ute og leiter etter dyr. Vi ser ikkje så mange, men det var flott alikavel. Skilpaddar, svære giftige edderkoppar, red wildebeest, blue wildebeest, kudu, strutsar, og mange andre vanlige viltdyr i Namibia. Etter ei stund får vi refreshments i bilen. Windhoek draught på safari. Vi har ikkje kjørt lenge før nokon i bilen ser eit dyr og ber guiden rygge. Plutselig hører vi eit vanvittig smell og dei fleste i bilen gir ifrå seg eit lite hyl. Det går eit par sekund der eg er rimelig redd for at der plutselig hoppar ei løve eller liknande inn i den open range roveren, men så pilar eit vettskremt og antagelig illsint vortesvin avgårde. Det tok altså på seg utfordringa å slåss med den svære bilen. Og om det hadde vore eit menneske som fikk seg det støtet hadde det nok hatt alvorlige konsekvensar. Det smalt! Seinare stoppar vi for ei lengre pause. Rødvin og brandy på safari. Så den siste jakta på løva som var i nærleiken, men det blei for mørkt. Heim til middag ved vannhullet, sjampanje på hotellrommet og ein rolig og fin kveld aleine. Så opp klokka halv seks, ut i bushen. Denne gangen såg vi mange giraffar, i sovende stilling, noko som er ganske sjeldan, sjakalar, kudu, wildebeest, ein del eg ikkje hugsar navnet på, ferske leopardspor, men ingen leopard. Det er faktisk slik at no når det har regna så mykje er graset veldig høgt, og sjansen for å sjå enkelte av dyra er veldig lav. Men soloppgangen ute på savannen, og dyra når dei vakna var absolutt verd nattesøvnen vi gjekk glipp av. Vi pausa oppe på ein topp med kaffe og amarula(namibisk frukt"baileys"). Det blir nok ikkje så mange turar til Erindi, det kosta, men det blir ikkje den siste. Eg har aldri vore på noko så lukseriøst før, og sjølv om det kanskje er litt overdådig, må eg innrømme at eg likte det særs godt.
          Sist, vi føler oss ganske til rette på colleget no. Har blitt bedre kjent med elevar, og det er ein utrulig artig gjeng. Akkurat denne veka jobbar vi med ein produksjon som eigentlig skulle vore fjorårets avslutning, så det er ikkje vanleg undervisning. Ganske lange dagar, og litt utfordrende, men det ender opp i to fine forestillinger i enden av veka. Eg har ansvar for koret, vi har øvd inn nasjonalsangen sidan det var independence denne veka, i tillegg har Gøran og eg jobba med ein av andreårselevane sin song. Det har blitt eit arrangement for heile andretrinnet som faktisk utgjer band med blåserekke. Og Gøran på bass. Stas.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar