lørdag 28. mai 2011

Gitaristen og hans kone

I det siste har Gøran vore ganske oppteken med øving til konsertar, den siste var igår. Det er ikkje spesielt mange gitaristar her, og musikarar gjer uttrykk for behovet. Her er ein del kongolesiske gitaristar, som er svært gode til den kongolesiske stilen, men når det gjeld ein del andre sjangrar er det litt mangel på folk. Gøran får ganske mange tilbud og forespørslar, det har auka ein del i det siste.
      For ei veke sidan var det ein veldedigheitsarrangement i bakgården på The Craft Centre i Windhoek. Mange av studentane jobba frivillig for billettar, og det var ein veldig hyggeleg kveld. Litt om banda: Det første bandet heitte Organic groove. Med innleidde session musikarar leverte ein kvit gitarist/songar/låtskrivar noko som på det beste høyrdes ut som REM på helium og antidepressiva. Det andre bandet var Dennis sitt prosjekt, jazzkvartett med Gøran på gitar. Ingen øving, bortsett frå ein kort lydprøve. Det gjekk veldig bra, med veldig god respons. Eg storkosa meg. Glatt jazz, men storveis. Og arrangementet i seg sjølv var svært bra gjennomført.
Lize Ehlers var vel ein slags headliner, i det minste er ho ei som dukker opp på dei fleste arrangement. Kan kanskje kalle ho ein slags it artist her, men mest i den litt alternative kunstnarkretsen.


På onsdag var det eit anna arrangement, "The last band standing", ein konsert serie der to og to artistar konkurrerar om å gå vidare  og til slutt om å vinne ein førstepremie på 30 000. Det er arrangert av Nationalteateret, og tanken bak er å fremme namibiske artistar og live musikk i Namibia. Gøran spilte gitar med Sharon Van Roy, ei pop/rnb songarinne. Han har i dei siste vekene vore på øvingar i diverse luksusboligar, der eigarane er musikkentusiastar. Ein av dei var Portuguese Joe. Biker og riking av ukjend årsak.
Dei konkurrerte mot Patricia, som driv på med det meir tradisjonelle, nærare sagt damara-musikk i reggea/afropop drakt. Patricia var den som gjekk vidare. Ikkje overraskande, sidan ho er meir lokal i uttrykket, mens Sharon lignar meir på mange amerikanske songarar. Det mangla likevel ikkje på entusiasme blant publikum, det var fryktelig moro. Etter konserten møtte eg dei han har spelt ilag med og liknande, og det var mykje av "thanks for lending out your husband" og "so this is the woman behind the man" eller liknande. Det er eigentleg ganske moro, men og litt vanskeleg å svare naturleg på sidan eg ikkje tenker på det viset. Ein eldre kar, antagelig musikar hadde følgjande råd til Gøran: "Its either your wife or your guitar man, im telling you."
Men no er gitaristen på kjøkkenet, kokken, og hans kone slapper av. Tyver har vi forsatt ikkje sett noko av. Idag har vi vore turistar i eigen by, og besøkt det gigantisk heltemonumentet i byen. Der var det for øvrig ein bavianfamilie og. Ikveld blir det konsert med Erna og Stella på NTN (nasjonalteateret) i ein ny delkonkkurranse av The Last Band Standing.

søndag 15. mai 2011

Ingenting er som påsketur


Den 18 mai har vi vore her i fire månader. Den første termen er unnagjort og mid-terms nærmar seg. På African Performing Arts held vi for tida på med papirarbeid for å få diplomutdanninga akkreditert. Vi har jobba med module structures, course outlines, expected learning outcomes og så vidare. Det er eit par av dei ansatte som ikkje har levert inn noko papirar på faga sine. Eg og Gøran har hjulpe til saman med dei andre for å gjere arbeidet for dei. Nokre gonger kan det virke som om dei med ein slags posisjon kan gjere litt som dei vil. Rett før ferien hadde vi eit studentmøte der det heldigvis kom kritikk frå elevar på noko som hittil ikkje har vore tatt opp på formelt vis. Eg håpar dette fører til at vår head of department tek til sterkare metoder for å få bukt med dette. I eit av faga har elevane hittil kun fått to undervisningstimar viser det seg. I eit anna er metodikken/pedagogikken på total avveie. Colleget er virkeleg på rett vei i forhald til å få akkreditert diplomer og få papira i orden. Dei aller fleste gjer ein knalljobb. Men enkeltsakar øydelegger for kvaliteten på utdanninga.
          Vi har reist eindel i det siste. Kalahari, Sossousvlei, vore på besøk på familiefarmen til mor her i huset, Sylvia, og vi har og vore i Cape town, vi kom heim berre for nokre dagar sidan. Det har sjølvsagt vore fantastisk, med ørken, vin, safari, livet på landet her i Namibia i tillegg til storbyferie i Sør-Afrika. Det var likevel ein heilt spesiell årsak til at vi besøkte farmen. Eirik og Lars(fjorårets deltakarar) var her og vi skulle reise rundt samen med dei ei vekes tid. Søstera til Sylvia døde av kreft og det blei ytra eit ønskje om musikk i begravelsen. Slik blei det at vi drog alle fire, til det som må være den mest spesielle opplevelsen på den turen. En ordentlig storfamilie med alt som følgjer med av kontrastar. Urbane filosofar til problemar som følgjer med bygdas slit og strev. Vi bodde i eit syttitallsttelt i hagen. Begravinga på landet var ganske annaleis. Det var først ein seremoni på fredag kveld der tradisjonen til det man kallar dei lokale, eller, dei svarte, er å synge salmar heile natta fram til laurdag. Vi blei fortald at tradisjonen stammar fra behovet for å vake over kroppen. Å halde dyr unna til begravinga, denne gong laurdag morgon, skal skje. Vi sat ved teltet vårt å drakk raudvin og hørde på salmar. Laurdag morgon var seremonien og vi spelte. Laurdag kveld var det man kan kalle eit gravøl. Iallefall for nokon. Svulstige ord må til, men den helga kjem eg ikkje til å gløyme. Så tett innpå ein storfamilie, med alt som følgjer med, i ein slik anledning.
          Som dei fleste veit, er det ikkje den einaste begravelsen som har vore her i det siste. Abisai, ein av sør-deltakarane som jobba som musikklærar i harstad blei funne død for ei stund sidan. Vi har berre møtt han i ei kort periode i Harstad før vi drog hit, men har høyrt masse om han frå musikarar her nede. Han var ein av dei største musikkressursane dei hadde her, og spesielt på saxofon. Det har vore noko som har påvirka heile colleget, og prosjektet, og alle som kjente han. Likevel har dei to andre sør-deltakarane valgt å fullføre opphaldet i Noreg, noko alle er veldig glade for. Det var minnestund for han her på colleget der lærarar og elevar bidrog.
      
Det er rett og slett av og til veldig rart å bo her nede. Klasseskilla er utrulig sterke. Uansett korleis vi føler oss eller ser oss sjølve er vi kvite namibiarar, som av og til merkast ganske godt. Og det er ikkje berre gamle fordommar eller bitterhet mot kvite som sit. Det er reell forskjellsbehandling overalt. Spesielt kan man sjå det i servicebransjen. Det har skjedd kun eit par gongar at vi har hatt ein kvit servitør. Og det er i tillfelle på urtyske pubar i Swakopmund. Men generellt sett er manageren kvit. På apoteket nede i gata jobbar det i hovedsak svarte damer. Men når ei vare for eksempel har registrert feil pris ropar dei "Price change!" så kjem dei ei kvit dame som heiter Ingrid, tastar inn ein kode, slik dei kan endre prisen. På restaurantar har eg fleire gonger vore ordentleg provosert. Det er mistillit til dei ansatta, som igjen er dei svarte. Nokre stader må servitørane alltid gå til den kvite manageren for å få regning til borda, andre gonger heng han berre over skuldrane på dei, eller kjeftesmella går på grunn av ein fillefeil. På eit pensjonat i swakop kan ikkje dei svarte på kjøkkenet ta imot bestillingar, berre den eldre kvite dama kan få vite om vi vil ha egga over easy eller sunny side up. Og dette er berre innanfor sevice. For mange vi møter er det ein del skepsis i starten trur eg. Slik føles det i allefall. Men det gjeng over når vi blir betre kjent. At vi er nordmenn hjelper som regel på. At vi ikkje snakkar tysk eller afrikaans. At vi ikkje er kvite namibiarar, men nordmenn i Namibia. Det er i allefall inntrykket. Dette er ei generalisering, men ikkje så sterk ei trur eg. Vi har ofte snakka om vi kunne ha bodd her nede. Lengre, enn berre i år sjølvsagt. Alltid kjem klasseskillet opp. Og sikkerhetsbarrieren imellom. I tillegg er det eit utrulig kompleks land kulturmessig. Størsteparten av befolkninga er Oshiwambo som regjeringa og er, men man har himba, nama, damara, san, herero, tyske, det man kallar coloureds og basters, og mange fleir, i tillegg til variantar innanfor desse. Og når det gjelder desse kulturforskjellane er det ikkje alt som er like lett å svelgje. Kvinnediskriminering er eit av dei. Hierarkiske verdiar både i familiar og på arbeidsplassar er heller ikkje alltid like lett og berre akseptere.Folk er generelt sett mykje meir konservative enn oss, og det gjelder alle, både kvite og svarte. Det er ei endring i den yngre generasjonen, men mykje er styrt av religion, overtru og gamle tradisjonar. Og diskriminering i navn av det.
           Imorgon er det tilbake på jobb. Vi har mykje arbeid foran oss, og antagelig vil det bli enda meir, da vi har ein følelse av at det er eit fag til på trappene for oss. Som tideligere nevnt hadde det berre vore to timar hittil i det faget. Men vi må finne ei anna løysning. Om vi tek over det faget har vi i alle fall over 70% av musikkfaga og det er fire lærarar her utanom oss. Og om vi tek over det faget vil ein av dei andre lærarane være uten klasseromsfag. Når prosjektet er over vil det berre falle tilbake til slik det har vore. Vi kjem til å foreslå andre ting enn at vi berre tek over faga. Vi hjelper sjølvsagt til der det trengs, men til sjuande og sist må det enten byttast ut lærarar, eller så må dei gjere jobben.
           Til slutt må eg lappe litt på innlegget. Vi har nokre utfordringar her, men alt i alt er det berre små ting i forhold til alt det positive og alt vi lærer. Vi har det som plommen i egget og saknar Noreg berre i ny og ne, kanskje litt no når det somrast.


 Middag på Farmen
 Sosoousvlei

 Sossousvlei
 Sossousvlei
 Table Mountain
 Cape Peninsula
 Kapp det gode håp
 Cape Peninsula
 Vinsmaking
Cape Town