fredag 21. januar 2011

flyttar inn


No har vi vore i Namibia i cirka tre dager. Vi bur i ei leilighet i eit område kalt Eros i ein forstad til Windhoek. Desse dagane har vi praktisk talt vore ”regna inne”. Det pøsar ned, og tordnar og lynar i eit sett. Men vi har brukt desse dagane på å komme oss til rette i leiligheta, noko som innebærar litt andre ting enn det ville ha gjort i Noreg. Vi har pakka i skap, blitt kjent med huskatta og nærområdet, men vi har også fjerna tusenbein, spraya ein god del maur til døde, og fiksa toalett. Tusenbeinet låg for øvrig å kvila på tv-benken.
            Den fyrste kvelden gikk store deler av strømmen i leiligheita. Utan fungerande kjøleskap, og litt uvant utvalg i butikkhyllene blei det peanøttsmør og syltetøy på skiva denne dagen. Men det ordna seg fort og vi nyt stort av både utvalg og strøm. Sammen kveld vart vi invitert på middag hos rektoren på colleget vi skal arbeide på. Vi blei henta og i vår første biltur gjennom windhoek by hører vi på orkesterversjonar av ”my girl”, ”time of my life” og liknande, med midikomp. Sist men ikkje minst også ein versjon av ”it must have been love” av Roxette. Men dette er ikkje vår einaste skandinaviske opplevelse. I går kveld gjekk vi til Joe’s, ein restaurant i nabolaget. Etter middag tek vi oss eit par øl, og finn oss plutseleg omringa av nordmenn. Like etter kjem Ingrid Olavas versjon av Jokkes ”Her kommer vinteren” over anlegget.
            Vi rakk ein lengre gåtur utanfor vår eigen bydel i dag innimellom regnbygene. Det var svært varmt, og Gøran må nok kjøpe seg ein hatt eller noko med det nye korte håret. Elles fekk vi kjøpt oss namibisk simkort, og andre fekk ha det litt moro på vår bekostning der vi ikkje heilt skjønte kommunikasjonen til ein taxisjåfør. Det heller nølende teiknet vi gav endte vel opp i at vi gjekk istaden.
Det er ein ganske spesiell opplevelse å gå i det området vi bor og omegn, der husa har gjerde i mur med elektrisk gjerde over det igjen. Alt er svært beskytta, men mot kva har vi ikkje sett noko av enda. Gatene er stort sett ganske tomme for fotgjengarar i denne forstaden, med unntak frå enkelte som jobber på butikkane i nærleiken. Dette kan sjølvsagt ha med alt regnet å gjere, det vil tida vise. Vi fekk og nærare beskjed frå husverten vår i dag om sikkerhetsrutiner. Det var viktig å hilse på dei som jobbar her, gartner og hushjelp, for å vite kven vi kan sleppe innfor porten. For ”once they are in the gate, its to late”. Vi skal etterkvart også bli utstyrt med ein “panic button” noko vi ikkje veit heilt kva er, og som høres ganske drastisk ut. Men, etter alt vi har høyrt og etter den lille erfaringa vi har fått sjølv å døme, er det trygt her på Eros.
Som sagt regnar det her. På enkelte strekninger har elva kome over vegen, og det er fleire bilkræsj. Husverten forklara kva som skjer med vegane her, men vi har visst gløymt akkurat kva han sa. Det noko slik som at det er eit stoff i vegane som blander seg med regnet og det blir boksaveleg talt såpeglatt. Så akkurat no gledar vi oss ikkje så veldig til å begynne å køyre, også med tanke på at dei køyrer på venstre side her.
Vi har faktisk ikkje sett arbeidsplassen vår enda. Helga er fri til å slappe av og å bli kjent med bolig og by. Vi byrjar i jobb på mandag.

lørdag 15. januar 2011

3...2...1...

Over helga flyttar vi. Tek med det som er naudsynt, og dreg fra Evenes til Windhoek. For dei som ikkje veit det, skal eg og Gøran jobbe eit år som musikklærarar på College of the Arts i hovedstaden i Namibia, Windhoek. Vi flyr på tysdag og blir til desember, med ein liten tur til Norge ein gong i løpet av året.  Vi skal bo i eit boligstrøk med basseng, gartner, grillplass og hushjelp, men også giftige edderkoppar på terskelen og bavianar på joggetur...

Denne veka har vi vore i Harstad og blitt forberedt av erfarne namibiarar, Eirik og Lars Espen. Blant anna blei skilnaden i mellom giftige og ikkje giftige edderkoppar forklart. Dei med rund kropp er dei giftige, og dei med flat kropp er ufarlige.... Dei med rund kropp er ufarlige og dei med flat kropp er giftige. Uansett.  Gøran kjøpte ein Nintendo DS til meg i julegåve for å fordrive reisetid hit og dit, og i natt drøymde eg om edderkoppar og afrika i eit 8bits landskap. Likevel lar nervane vente på seg. Reknar med dei kjem mandags kveld.