lørdag 15. januar 2011

3...2...1...

Over helga flyttar vi. Tek med det som er naudsynt, og dreg fra Evenes til Windhoek. For dei som ikkje veit det, skal eg og Gøran jobbe eit år som musikklærarar på College of the Arts i hovedstaden i Namibia, Windhoek. Vi flyr på tysdag og blir til desember, med ein liten tur til Norge ein gong i løpet av året.  Vi skal bo i eit boligstrøk med basseng, gartner, grillplass og hushjelp, men også giftige edderkoppar på terskelen og bavianar på joggetur...

Denne veka har vi vore i Harstad og blitt forberedt av erfarne namibiarar, Eirik og Lars Espen. Blant anna blei skilnaden i mellom giftige og ikkje giftige edderkoppar forklart. Dei med rund kropp er dei giftige, og dei med flat kropp er ufarlige.... Dei med rund kropp er ufarlige og dei med flat kropp er giftige. Uansett.  Gøran kjøpte ein Nintendo DS til meg i julegåve for å fordrive reisetid hit og dit, og i natt drøymde eg om edderkoppar og afrika i eit 8bits landskap. Likevel lar nervane vente på seg. Reknar med dei kjem mandags kveld.

1 kommentar:

  1. Ni får ha ett fantastiskt äventyr :-))

    Ska bli skoj att "följa" er :-))

    månge klemmer

    Maria & Harald

    SvarSlett