onsdag 16. februar 2011

Goooood morning Namibiaaaaa!!

Akkurat no sit eg, Anne-Grethe, på ein benk på colleget etter fullført dag med keyboard timer, musikkhistorie og kor. På kontoret vårt sit Gøran  med ein gitarelev. Timeplanen byrjar å fylles opp. I tillegg til forelesning og timer i hørelære, musikkteori, musikkhistorie, keyboard og kor, har vi ein del privat elevar på "additional instruments". Neste veke byrjar eg med songelevar og enda fleire på keyboard. Det har gått ein del i Fader Jakob den siste veka, og vil nok gjere det i neste og.
          I forrige veke var det PR - jobbing for å finne nye namibiske deltakarar i prosjektet. I løpet av onsdagen var vi innom tre aviser; The namibian, The Daily sun og Republikein. Vi var også på eit lengre intervju med TV-kanalen One Africa, og innom NBC for å ende opp med ein avtale om å komme klokka 0700 fredag for å være med på Good Morning Namibia. På torsdag kom NBC til colleget for å dokumentere prosjektet. Dei filma fiktive undervisningssituasjonar, då vi har forberedelsesdag torsdagar, men endte opp med kun å sende klipp fra når elevane spilte Waka Waka på Marimba. Men, TV intervju blei det. Eg slapp unna denne gongen på grunn av plassmangel i studio, Banana og Gøran gjorde jobben. Live.
          Rett før oss intervjua NBC ein kar kalt Marvin, som kalla seg sjølv, eller blir av nokon kalla (det var litt uklart) Namibias svar på Michael Jackson. Ung, ultrakul med Ray Bans inne. Ikkje lenge før fekk Gøran tilbod om å spelle på ein RnB konsert på NTN, Namibian National Theatre. Første øving er samme kveld som tv intervjuet på NBC, og Gøran befinner seg i backingbandet til ingen ringere enn Namibias svar på Michael Jackson. Ein del logistikk og organiserings problem gjer at øvingane blir lange og mange, i det minste for ein gig på tre låtar. Lørdag, øving nummer to den dagen, og eg får forespørsel om å synge backingvokal. OK. Øving søndag. OK. Mandag kjem og det er lydprøve klokka tolv. Etter ein til to timar venting blir den avlyst, og satt til klokka halv fem istaden. Konserten er same kveld. Klokka fire får vi melding. "Show is cancelled. Sorry" fra bassisten. Marvin (jackson) tek kontakt om og når det blir ein ny konsert.
      Elles: På fredag har vi duokonsert på backstage, og vi har blitt spurt om å være med å spille inn ein demo for å få jobber hos the corporates. Så det ser ut for at det kan bli litt spilling og! Sjølv om det ikkje blir RnB med Marvin heilt enda.
                 

tirsdag 8. februar 2011

Anna and jorin?

Då er vi vel igang med første ordentlige undervisningsveke på colleget. Vi har hatt choral, aural and ear (hørelære), og keyboard/gitar. I morgon skulle vi eigentleg ha byrja med musikkteori (gøran) og musikkhistorie(Anne-Grethe), men, istaden skal vi i live intervju på One africa og NBC. Det vil seie den namibiske NBC, Namibian Broadcasting. Vi er allereie igang med rekrutteringen av nye namibiarar som skal til Kvæfjord kommune å undervise i afrikansk tromme (Ngoma/Djembe), marimba og dans, og skal på tv i forbindelse med annonsering av søknadsprosessen som tek til denne veka.
          For dei som ikkje allereie veit det er denne jobben ein del av eit utvekslingsprogram kalt NoNa (Norway Namibia), og er finansiert av Fredskorpset. Vår jobb er på College of the arts si linje APA, African Performing Arts, der vi skal undervise i hovedsaklig teoretiske fag. Namibiarane skal jobbe ved Borkenes skule i Kvæfjord kommune som musikklærarar med praktisk tilnærming til afrikanske instrumenter og dans. Ideen er at man skal lære av kvarandre, både når det gjeld metode og kunnskap. For dei som er interessert i å vite meir om dette kan man gå inn på kvafjord.kommune.no/nona.
          På fritida har vi fram til no blitt bedre kjend med byen, testa restaurantar, og blant anna vore på konsert på Nice Bar and Restaurant, ein release av ein sangar saman med spoken word performance, i regi av dramalæraren på colleget. Det er ein ganske rolig by, ok trafikk, men vel mange fotgjengarar der det eigentleg kun skal være bilar. Men vi byrjar venne oss til det også. Byen er og rolig i den forstand at det ikkje er så veldig mykje som hender her av konsertar og liknande, i hvert fall ikkje på denne tida av året. Vi fikk ein telefon tideligare i veka frå utestaden og konsertarenaen Backstage. Etnomusikologilæraren på colleget, Ishmael, hadde tatt seg ein tur dit og fortald om dei nye norske prosjektdeltagarane. Frank fra Backstage ringte oss opp, og spurte om vi var interessert i spillejobb neste helg, 18 og 19 februar. Han fortalde at dei alltid er på utkikk etter folk som vil spille, og at det kan være vanskelig å finne i Windhoek. Vi er invitert på drink imorgon for å planlegge nærmare. Det er ikkje akkurat vanlig kost heime å bli oppringt med tilbud om spillejobb, og det er veldig spanande. Vi har vore her i knapt tre veker,  og det blir bluegrass i Windhoek neste helg.
          Akkurat no pønskar vi ut kva for ein låt vi skal bruke i ensembleundervisninga på fredag. Etterpå blir det forbereding av intervjuet imorgon. Timeplanen fyller seg opp, og i tillegg skal vi ha enkelt elevar i henholdsvis gitar og song. Og antagelig litt fleire på keyboard. Det manglar ikkje på ting å gjere, utfordringar, og nye opplevingar. I slutten av måneden skal vi på ein liten helgetur til nord i forbindelse med rekruttering av namibiske prosjektdeltakarar, noko vi gleder oss spesielt til. Saman med Banana skal vi i løpet av denne veka og neste motta søknadar og gjennomføre ein shortlisting, altså bestemme kven av dei som skal komme på audition. Så er det ut på tur. 
        

torsdag 3. februar 2011

Miss Ana and Joran

Imorgon skal det avgjerast kven som blir førsteklassingar på College of the Arts. Denne veka har vi hatt opptak, og elevar har fått bryne seg på ngoma(djembe), litt sang, monolog i drama, og ein smakebit av namibisk tradisjonell dans. Idag hadde dei framvisning og intervjuar. Måten musikk og kunst blir snakka om her er veldig annaleis enn eg er vant med. Det er meir slik at enten har man det i seg eller så har man det ikkje, og uten ein brennande lidenskap har man ikkje noko i dette faget å gjere. Det er så utruleg spesielt å både observere og være ein del av denne prosessen, ein prosess eg ikkje trudde eg kom til å være ein del av, i hvertfall ikkje på nokon år. Første dagen snakkar lærarane, eller "the lecturers" litt om dei forskjellige disiplinane, og eg får plutselig fame låta "hard work" på hjerna. Det er litt slik. Dei må opp i alle tre disiplinar, musikk dans og drama, og som dramalæraren seier, vise kor "fabulous" dei er.
               I tillegg har vi hatt ansvar for andreklassingane denne veka. Det har vore kjempekjekt, og vi har hatt dei eit par timar kor om dagen med ein slags rytmeworkshop inklusivt. Det virker som ein skikkelig bra gjeng og er utrulig lærevillige. Og flinke.
               På søndag hadde vi ein litt spesiell opplevelse. Vår project manager her i Windhoek, Banana, tok oss med til kyrkja si i Katatura, Windhoeks township. Sidan før vi kom hit har han ytra at han vil at vi skal hjelpe til med kyrkjekoret. Vi kjem ein time for seint, klokka ti, og blir i vel tre timar, til gudstenesta er over. Når vi kjem inn døra blir vi møtt av eit heilt fantastisk gospelkor. Etter nokre låtar tek Banana oss fram, the visitors, og sjølvsagt einaste kvite, og presenterer oss for menigheita. "This is Goran and Ana, they are from Norway and are here to teach music in a project I am working with. They are also going to help us here, especially Ana will help the choir, she is a singer. Halleluja." Banana er for øvrig også pastor i denne kyrkja og var med på å starte den i 1990.
               Elles har vi det strålende. Det er utrulig spennende å hoppe rett inn i ein fulltidsjobb som er så utrulig annaleis enn kva eg hadde sett for meg ville skje etter studiene. Fantastisk! Vi har også blitt bedre kjent med dei vi skal samarbeide med dette året, og vært på jevnlege planleggingsmøter sidan vi begynte. Og vi har fått eit lynkurs i marimba.
               Og det lyner ute. Meir enn eg nokon sinne har opplevd. Tordenet sprakar med heilt klår og veldig høg lyd. Og då regnar det.