torsdag 3. februar 2011

Miss Ana and Joran

Imorgon skal det avgjerast kven som blir førsteklassingar på College of the Arts. Denne veka har vi hatt opptak, og elevar har fått bryne seg på ngoma(djembe), litt sang, monolog i drama, og ein smakebit av namibisk tradisjonell dans. Idag hadde dei framvisning og intervjuar. Måten musikk og kunst blir snakka om her er veldig annaleis enn eg er vant med. Det er meir slik at enten har man det i seg eller så har man det ikkje, og uten ein brennande lidenskap har man ikkje noko i dette faget å gjere. Det er så utruleg spesielt å både observere og være ein del av denne prosessen, ein prosess eg ikkje trudde eg kom til å være ein del av, i hvertfall ikkje på nokon år. Første dagen snakkar lærarane, eller "the lecturers" litt om dei forskjellige disiplinane, og eg får plutselig fame låta "hard work" på hjerna. Det er litt slik. Dei må opp i alle tre disiplinar, musikk dans og drama, og som dramalæraren seier, vise kor "fabulous" dei er.
               I tillegg har vi hatt ansvar for andreklassingane denne veka. Det har vore kjempekjekt, og vi har hatt dei eit par timar kor om dagen med ein slags rytmeworkshop inklusivt. Det virker som ein skikkelig bra gjeng og er utrulig lærevillige. Og flinke.
               På søndag hadde vi ein litt spesiell opplevelse. Vår project manager her i Windhoek, Banana, tok oss med til kyrkja si i Katatura, Windhoeks township. Sidan før vi kom hit har han ytra at han vil at vi skal hjelpe til med kyrkjekoret. Vi kjem ein time for seint, klokka ti, og blir i vel tre timar, til gudstenesta er over. Når vi kjem inn døra blir vi møtt av eit heilt fantastisk gospelkor. Etter nokre låtar tek Banana oss fram, the visitors, og sjølvsagt einaste kvite, og presenterer oss for menigheita. "This is Goran and Ana, they are from Norway and are here to teach music in a project I am working with. They are also going to help us here, especially Ana will help the choir, she is a singer. Halleluja." Banana er for øvrig også pastor i denne kyrkja og var med på å starte den i 1990.
               Elles har vi det strålende. Det er utrulig spennende å hoppe rett inn i ein fulltidsjobb som er så utrulig annaleis enn kva eg hadde sett for meg ville skje etter studiene. Fantastisk! Vi har også blitt bedre kjent med dei vi skal samarbeide med dette året, og vært på jevnlege planleggingsmøter sidan vi begynte. Og vi har fått eit lynkurs i marimba.
               Og det lyner ute. Meir enn eg nokon sinne har opplevd. Tordenet sprakar med heilt klår og veldig høg lyd. Og då regnar det.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar