onsdag 16. februar 2011

Goooood morning Namibiaaaaa!!

Akkurat no sit eg, Anne-Grethe, på ein benk på colleget etter fullført dag med keyboard timer, musikkhistorie og kor. På kontoret vårt sit Gøran  med ein gitarelev. Timeplanen byrjar å fylles opp. I tillegg til forelesning og timer i hørelære, musikkteori, musikkhistorie, keyboard og kor, har vi ein del privat elevar på "additional instruments". Neste veke byrjar eg med songelevar og enda fleire på keyboard. Det har gått ein del i Fader Jakob den siste veka, og vil nok gjere det i neste og.
          I forrige veke var det PR - jobbing for å finne nye namibiske deltakarar i prosjektet. I løpet av onsdagen var vi innom tre aviser; The namibian, The Daily sun og Republikein. Vi var også på eit lengre intervju med TV-kanalen One Africa, og innom NBC for å ende opp med ein avtale om å komme klokka 0700 fredag for å være med på Good Morning Namibia. På torsdag kom NBC til colleget for å dokumentere prosjektet. Dei filma fiktive undervisningssituasjonar, då vi har forberedelsesdag torsdagar, men endte opp med kun å sende klipp fra når elevane spilte Waka Waka på Marimba. Men, TV intervju blei det. Eg slapp unna denne gongen på grunn av plassmangel i studio, Banana og Gøran gjorde jobben. Live.
          Rett før oss intervjua NBC ein kar kalt Marvin, som kalla seg sjølv, eller blir av nokon kalla (det var litt uklart) Namibias svar på Michael Jackson. Ung, ultrakul med Ray Bans inne. Ikkje lenge før fekk Gøran tilbod om å spelle på ein RnB konsert på NTN, Namibian National Theatre. Første øving er samme kveld som tv intervjuet på NBC, og Gøran befinner seg i backingbandet til ingen ringere enn Namibias svar på Michael Jackson. Ein del logistikk og organiserings problem gjer at øvingane blir lange og mange, i det minste for ein gig på tre låtar. Lørdag, øving nummer to den dagen, og eg får forespørsel om å synge backingvokal. OK. Øving søndag. OK. Mandag kjem og det er lydprøve klokka tolv. Etter ein til to timar venting blir den avlyst, og satt til klokka halv fem istaden. Konserten er same kveld. Klokka fire får vi melding. "Show is cancelled. Sorry" fra bassisten. Marvin (jackson) tek kontakt om og når det blir ein ny konsert.
      Elles: På fredag har vi duokonsert på backstage, og vi har blitt spurt om å være med å spille inn ein demo for å få jobber hos the corporates. Så det ser ut for at det kan bli litt spilling og! Sjølv om det ikkje blir RnB med Marvin heilt enda.
                 

2 kommentarer:

  1. Herrrrlig lesning!:) Kor blir det av bildan?

    SvarSlett
  2. Leser den jeg også :)
    Plassmangel? vel vel. Likt å se et bilde av "Marvin"

    SvarSlett